Hydro Karmøy deler ut stoffmunnbind

fredag 4. september 2020

Fabrikksjef Ingrid Heradstveit Guddal opplyser på Workplace at alle på Hydro Karmøy vil få utdelt stoffmunnbind:

Kjære alle ved Hydro Karmøy
I dette maratonløpet av ein pandemi, så vil dei fleste av oss kome opp i situasjonar kor vi tenker at no hadde det vore lurt med munnbind. Dette kan vera på bussen, på butikken, på treningssenteret eller i områder med aukande smittespreiing. KMV har difor kjøpt inn blå stoffmunnbind til bruk i nettopp sånne situasjoner – om de ynskjer det. Vi deler ut to stykk per tilsett, så kan de ta med eit heim og eventuelt gje det til ein ven! Munnbindet tåler vask, 60 grader. Det er ikkje evig resirkulerbart, slik aluminium er, men det skal tåle bruk og slitasje over lengre tid.
Det er fortsatt slik at avstand er den viktigaste faktoren for å forebygge smitte. Munnbind erstatter ikkje andre smitteverntiltak, men kan vera eit bra tilleggstiltak for å hindre smitte frå personar med covid-19 utan symptomer når det er aukande smittespreiing.
Takk til alle for at de held fabrikken og samfunnet i gang i desse merkelege tider.
Munnbinda vert delt ut i einingane fortløpande. To stykk munnbind per tilsett.